Bryllaup er fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre resten av livet. Det handlar om dei to, men det skjer med vitner til stades.
Vigsel kan skje borgarleg eller i kyrkja. Etter norsk lov har begge måtane å gjera det på same verdi. I kyrkja kan dette skje enkelt med berre prest og to forlovarar til stades, eller det kan vera med full kyrkje og stor markering. Stort eller lite, i kyrkja vert livet og ekteskapet lagt fram for Gud med bøn og velsigning.
Vi i kyrkja vil gjera vårt beste for at det skal bli ein uforglemmeleg dag for dykk!
De kan bestille vigsel inntil 1 1/2 år fram i tid.
Bestilling av vigsel vert gjort per telefon - 51789555 ( 09:00-14:00 mandag -torsdag)
Ta kontakt med kyrkjekontoret om det er noko du lurar på
Godkjente vigselstader i Klepp
* Klepp kyrkje, Bore kyrkje, Orre kyrkje, Orre gamle kyrkje og Frøyland og Orstad kyrkje
* Krosshaug, Klepp
* Andre stader må det søkast om.
Les meir om å gifte seg i kirken på kirken.no/bryllup