Diakoni - kyrkja sitt omsorgsarbeid
Sorggrupper.
I samarbeid med diakonane i området legg vi til rette sorgstøttearbeidet ved å etablere sorggrupper for etterlatte i alle aldrar. Gruppene består av 5-8 medlemmer og har to leiarar. Les meir i denne brosjyren angåande sorgarbeidet i Klepp kommune.
Samtalegrupper.
Vi legg til rette for samtalegrupper for dei som har opplevd samlivsbrot. Desse gruppene har òg to leiarar. Nye grupper startar opp når mange nok har meldt seg på.
Barn med to adresser.
I samarbeid med kommunen har vi eit gruppetilbod til barn som har opplevd samlivsbrot i familien.
Husfellesskap.
Vi inviterer til å bli med i mindre fellesskap, der det er lettare å bli kjent og kjenne tilhøyring enn i større grupper. Husfellesskapa samlast i heimane ein til to gongar i månaden.
Bønearbeid.
Vi legg til rette for organisert bøneteneste heime, i kyrkja eller på kyrkjekontoret.
Heimebesøk.
Prest og diakon kan komme på heimebesøk. Vi kan òg komme for å feire nattverd i heimen med den som har vanskar med å komme til gudsteneste.
Samtale.
Dersom du ønskjer samtale med prest eller diakon, kan du ta kontakt for avtale.
Teneste!
Vi treng fleire frivillige som kan gjere ein innsats i diakoniarbeidet, enten blant eldre, utviklingshemma, bønearbeidet eller anna. Dersom du kan tenkje deg å gjere ein innsats håper vi du vil ta kontakt med diakonen.
Torsdagstreffen
Dette er ein klubb som er spesielt tilrettelagt for mennesker med utviklingshemming. Vi treffast ein torsdag i månaden i Klepp kyrkje. Startar med sang og andakt i kyrkja. Deretter fortset vi i menighetssalen med forskjellige aktivitetar som bingo, sang og musikk, forming, film eller noko anna. Avslutter med kveldsmat saman. Ein gong i året drar vi ut på tur. Klubbmøtene er frå kl. 19.30 til 21.00 og er åpne for alle som er 12 år eller eldre. Velkomen!
Påmelding/informasjon.
Ta kontakt med kyrkjekontoret/diakonen dersom du er i å melde deg på grupper eller for å få meir informasjon.
Diakoniarbeidet blir leia av diakon
Ingelin Norbakken
ingelin.norbakken@klepp-kirken.no
Telefon 51 78 95 56