Ei sorggruppe er ein møtestad der etterlatte kan treffa andre i same situasjon, snakka om det dei har opplevd og den dei har mista, utveksla erfaringer, råd og informasjon om korleis dei kan handtera situasjonen, og ventilera reaksjoner og problemer med nokon som "verkeleg forstår".
"Det ble min arena til å snakke om ulike følelser som jeg ellers ikke likte å vise. Skulle jo være sterk for barna"
-Mann som mistet ektefelle i selvmord
"Ja, jeg føler veldig at med en gang man kommer i en sånn gruppe, så er det bare rett på sak og rett på kjernen. Og det du egentlig har lyst til å snakke om hele tiden, og som du kanskje skjuler, ikke skjuler, men som man litt skåner venninner for"
-Kvinne som mistet barn etter sykdom
Gruppene er livssynsopne, dvs. at dei er opne for alle uansett kva livssyn og tilknyting til kyrkjesamfunn du har.
Sorggruppe for vaksne
I samarbeid med diakonane i området legg vi til rette sorgstøttearbeidet ved å etablere sorggrupper for etterlatte i alle aldrar. Gruppene består av 5-8 medlemmer og har to leiarar. Ta kontakt med diakonen i Klepp kyrkjelege fellesrådet Ruth Bråtveit.
Sorggruppe for born
Til deg i 4. - 7. klasse, som har mista foreldre eller sysken i dødsfall
Det er heilt naturleg å bli lei seg når nokon ein er glad i døyr. Sorg er ingen sjukdom, men det kan gjere forferdeleg vondt. Sorga kan nokre gongar få deg til å tenkje, føle eller å gjere ting som kan være vanskeleg å forstå.
Ei sorgstøttegruppe er ei samtalegruppe der alle i gruppa er omtrent like gamle, og alle har opplevd å miste anten foreldre eller sysken i dødsfall.
Her kan du få snakke om tankane og følelsane dine, og alle bestemmer sjølve kva han/ho vil dele og fortelje.
Det er viktig at me respekterer kvarandre i gruppa, og at me har lov til å vere både glade og leie oss saman.
Då kan det ofte hjelpe å treffe andre som også har opplevd å mista nokon dei er glade i.
Viss du vil melda deg på, kan du snakka med nokon vaksne som du kjenner. Dei kan hjelpa deg til anten å ta kontakt med diakonen i din lokale kyrkjelyd eller direkte med diakon i Bryne: Marit Høie Hetland, marit@timekyrkja.no tlf. 911 63 039
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Ruth Bråtveit
ruth.bratveit@klepp-kirken.no
472 59 486