Støttegruppe – ein hjelp i sorga


Til deg i 4. - 7. klasse, som har mista foreldre eller sysken i dødsfall

Det er heilt naturleg å bli lei seg når nokon ein er glad i døyr. Sorg er ingen sjukdom, men det kan gjere forferdeleg vondt. Sorga kan nokre gongar få deg til å tenkje, føle eller å gjere ting som kan være vanskeleg å forstå.

Då kan det ofte hjelpe å treffe andre som også har opplevd å mista nokon dei er glade i.

Ei sorgstøttegruppe er ei samtalegruppe der alle i gruppa er omtrent like gamle, og alle har opplevd å miste anten foreldre eller sysken i dødsfall.

Her kan du få snakke om tankane og følelsane dine, og alle bestemmer sjølve kva han/ho vil dele og fortelje.

Det er viktig at me respekterer kvarandre i gruppa, og at me har lov til å vere både glade og leie oss saman.

Gruppene er livssynsopne, dvs. at dei er opne for alle uansett kva livssyn og tilknyting til kyrkjesamfunn du har.

Gruppa er gratis. 

 

Viss du vil melda deg på, kan du snakka med nokon vaksne som du kjenner. Dei kan hjelpa deg til anten å ta kontakt med diakonen i din lokale kyrkjelyd eller direkte med diakon i Bryne: Marit Høie Hetland, marit@timekyrkja.no  tlf. 911 63 039

Tilbake