Faktura for festeavgifta vert sendt i posten i desse dagar.
Dersom de har spørsmål angåande festeavgifta, ber me om at de henvender dykk via telefon til vårt sentralbordnr.51 78 95 55 eller 51 78 95 59 i kontortida.
Faktura for festeavgift for 2020 vert sendt ut i fleire bolkar.
På grunn av koronarestriksjonar er det på kyrkjekontoret noko redusert opningstid for tida, og redusert bemanning.
Kontortida vår er: månd.-torsd.kl.9:00-14:00 og fred.9:00-12:30.
Dersom du ynskjer treffa oss på kontoret må dette avtalast på førehand. Ring oss for å avtala tid, slik at det ikkje vert for mange besøkande her på ein gong, og me har sjanse til å hjelpa dykk. Me set då av ½ time til kvar. Ver obs på at dersom du er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon kan du ikkje møta opp personleg.