Her finn du gravplassvedtektene for Klepp kommune
I Noreg vert alt som har med gravplassar, kremasjon og gravferder å gjere, regulert gjennom lov, forskrift og vedtekt. Norsk lov er det øvste juridiske grunnlaget for alt som vedkjem gravplassar, kremasjon og gravferder, og det er Barne- og familiedepartementet som er overordna juridisk eining for dette saksområdet i norsk politikk, administrasjon og forvaltning.
Gravplassforvaltninga i Klepp er lagt til Klepp kyrkjelege fellesråd. Gravplassforvaltninga er eit offentleg livssynsopent administrativt ansvarsområde og ikkje ein del av Den norske kyrkjas tenester og tilbod.
Gravferdsseremoniar kan gjennomførast av alle trus- og livssynssamfunn. Dei kristne trussamfunna kan nytte kyrkjene til sine seremoniar, medan andre trus- og livssynssamfunn ofte brukar eigne lokale eller leigde lokale som er eigna i kvart enkelt tilfelle. Når det nye rådhuset, kulturhuset og kyrkja står klare i Klepp sentrum, vil det bli eit moderne og velegna lokale tilgjengeleg for alle.
Dei nye gravplassvedtektene i Klepp har vore til høyring og vart vedtekne av Klepp kyrkjelege fellesråd og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark (gravplassmyndigheita i Noreg) i desember 2024.
Dersom du ønskjer å setje deg nærare inn i saksområdet, kan du nytte Lovdata.no.
Vil du lesa meir om gravferdshandling og seremonier i Den norske kyrkja kan du nytta kyrkja si nettside ved å trykke her
Lov om gravplassar, kremasjon og gravferd (Gravplasslova) frå 01.01.1997, sist endra 01.07.2024. Lova er overordna forskrift og vedtekter.
Trykk her for å sjå lova hjå Lovdata
Lova er overordna forskrift og vedtekter.
I lova kan du lese om:
- Grunnleggende bestemmelser
- Krav til gravplasser.
- Gravplassmyndigheten og kommunens ansvar.
- Anlegg m.v. av gravplass og krematorium.
- Innvielse av ny gravplass
- Rett til grav.
- Åpning av grav og flytting av begravet.
- Fredningstid for grav og gravplass.
- Hvem som sørger for gravferden.
- Kremasjon
- Begjæring om gravlegging.
- Frist for gravlegging.
- Unntak fra reglene om frist for kremasjon og gravlegging
- Feste av grav.
- Festerens rettigheter og plikter.
- Overføring av feste.
- Tiltak for å forebygge skade.
- Opphør av feste.
- Regler om fri grav.
- Privat gravsted og spredning av aske.
- Vedtekter og avgifter.
- Taushetsplikt
- Forvaltningsansvar.
- Klageadgang
- Digital gravferdsmelding
- Behandling av personopplysninger mv.
- Krigsgraver
- Registerføring.
- Forsøk
- Utfyllende forskrifter.
- Svalbard.
- Ikrafttredelse og opphevelse av andre lover m.v.
Forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd (Gravplassforskrifta) frå 01.01.1997. Forskrifta er ei utdjuping og forklaring til lova og eit rammeverk for dei lokale vedtektene.
Trykk her for å sjå forskrifta hjå Lovdata
I forskrifta kan du lese om:
- Orden og verdighet
- Anlegg mv. av gravplass
- Plan for gravplassen
- Inndeling av gravplass. Gravkart
- Endring av gravplass
- Byggetillatelse og ferdigattest
- Utrustning og adkomst
- Grunnvann og drenering m.v.
- Adferd på gravplass
- Ansvar for skade
- Nedlagt gravplass
- Gravlegging
- Kistegrav
- Urnegrav
- Anonym grav
- Anonym og navnet minnelund
- Urnevegg
- Fri grav og feste av grav
- Feste av gravsted
- Gravlegging i to nivåer
- Gravregister
- Merking av grav
- Tekst, navneflytting m.m.
- Kvalitet
- Dimensjoner
- Sikring
- Godkjenning
- Ansvar
- Bevaring
- Krav om kiste
- Krav til kiste
- Kiste som ikke fyller kravene
- Krav til askeurne
- Bruk av krematorium
- Sikkerhet
- Merking
- Registerføring
- Gravlegging av askeurne
Forskrift om gravplassvedtekter, Klepp kommune, Rogaland (Gravplassvedtekter) frå 06.02.2025.
Vedtektene regulerer den lokale forvaltninga og er ei presisering av omsyn og forhold på kvar enkelt gravplass i kommunen.
Trykk her for å sjå vedtektene for gravplass i Klepp kommune
I vedtektene kan du lese om:
- Forvaltning
- Definisjonar
- Ferdsel på gravplassane
- Tilvising av grav
- Fredingstid
- Feste av grav med meir
- Grav og gravminne
- Plantefelt
- Plantemateriale
- Stell av grav
- Namna minnelund
- Unamna minnelund
- Bårerom
- Næringsverksemd
- Arbeid på gravplassane
- Dispensasjon frå vedtektene
- Ikraftsetjing og oppheving av eldre vedtekter
Utkast til vedtekter vart sende på høyring i 2021, men på grunn av skifte av personell har dei ikkje vorte fullførte og vedtekne i Klepp kyrkjelege fellesråd før i desember 2024. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er gravplassmyndeheit på vegner av Barne- og familiedepartementet. Statsforvaltaren har gjeve rettleiing i prosessen og har godkjent vedtektene. Gjennom publisering på Lovdata vert alle forhold gjort kjende.